Vi har ein vinnar!

Vinnaren av teiknekonkurransen heiter Veronika Halland! Siste skuledag før jul var det premieutdeling i 6. klasse på Manger skule.

Merka av eit langt forbrytarliv

Denne banditten har vore på feil side av lova så lenge at han er full i arr etter fleire skyteepisodar, slåsskampar, knivkranglar og anna lovbrot. På tide å gje seg!

Heilt galen

Chris har teikna ein skurk som er heilt sprø. Han kutta nesten av seg handa sist han prøvde å drepe nokon, men det bryr han seg ikkje så mykje om.

Kort veg

Det er kort veg frå banken til fengselet, og hvis banditten som Marcus har teikna ikkje får opp farta, hamnar han på den sistnemnde staden.

Ryttar i natta

Julia har teikna ein banditt som rana banken i går kveld, og no er han i full fart på veg til neste by for å gøyme seg der.

Skurkebob Firkant

Alle familier har nokre medlemmar dei ikkje vil vedkjenne seg. Dette må være ein ukjend og godt skjult grein av Firkant-slekta.

Banditten frå framtida

Nokre gonger går det heilt gale i Det ville vesten. Vanlege skurkar kan ein alltids halde ut, men bandittar frå framtida er ei litt større utfordring.

Klar

Skurken som Kjartan har teikna er klar for angrep. To pistolar er fullada og klar, og skulle det bli naudsynt har han ein skarp kniv i patronbeltet.

Frå sjørøvar til ørkenbanditt

Denne fyren var lei av livet på sjørøvarskuta, og har i staden blitt bankranar i Det ville vesten. Hald utkikk etter sablar og sladrete papegøyar!

Naseblod

Banditten har vore i slåsskamp og fått seg ein kniv i skuldra og ein knyttneve på nasen, men han er på beina enno. Så vidt.

  • Advertisements